Velkomen til Bygg Bygland si nye heimeside!

Ein viktig milepæl og eit viktig startskot for omstillingsarbeidet som skal pågå frå 2024 til 2030 er nådd. På denne nye nettsida håper eg dykk finn det som skal til for å kickstarte din gründer-ide, søke hjelp til å kartlegge og vidareutvikle din forretningsplan for å utvikle bedrifta di vidare m.m.

Omstillingsarbeidet som no er sett i gong, skal bidra til ein ekstraordinær innsats for tilrettelegging av nye arbeidsplassar og ivareta etablerte bedrifter og dei arbeidsplassane som allereie finns i kommunen. 

Samtidig skal omstillingsarbeidet også bidra til å stimulere til positiv samfunnsutvikling og bustads-attraktivitet i kommunen. Me vil jo gjerne at det kjem fleire til kommunen som vel å busette seg og bli positive tilskot til lokalsamfunna rundt om i kommunen. Vil du vite meir detaljer, ligg planen i sin heilheit her: Retningsliner for bruk av omstillingsmidlane (PDF, 515 kB) (PDF, 515 kB)
 

Heimesida www.bygg-bygland.no vil vere i stadig utvikling. Etter kvart når ein får meir erfaring på kva folk treng av informasjon, vil eg prøve å legge til rette for at heimesida vil bli eit endå meir nyttig verktøy. Kom gjerne med forbetringsinnspel om du har😊!

Ei veldig spennande løysning er at du blant anna sjølv kan gå inn å booke deg ein timeavtale her med Moglegheitsutviklar (altså meg😊), då vil eg få beskjed om at du har satt opp eit møte, når det best passar for deg. Om du heller liker å avtale møter på mail eller telefon er det berre å gjere det som passar deg best, finn du kontaktinformasjonen min på samme side. Lenke til min kontaktinformasjon.
 

Mitt kontor er plassert i andre etasje på kommunehuset, rett utanfor kommunestyresalen. Om du har lyst til å stikke innom for ein prat, er det berre å banke på å sjå om eg er ledig, viss ikkje du har avtalt møte i forkant. Eg blir alltid glad for eit besøk, der ein kan lufte tankar og idear som kanskje kan føre til spennande prosjekt som kan realiserast med hjelp av omstillingsprosjektet. 
 

Sjølv om eg har kontor på kommunehuset, vil eg samtidig  vere mykje på hjul, rundt om i kommunen, på besøk til ulike næringar, bedrifter og initiativrike innbyggjarar for å slå av ein prat om ulike prosjekt eg som Moglegheitsutviklar kan bistå med. Og ikkje minst for å hjelpe til med å informere om kva dette omstillingsprogrammet kan bidra med og kva potensial dette gir for kommunens bedrifter og innbyggere, viss ein vel å gripe moglegheita😊

Bygland kommune er heldige som har mange flotte eldsjeler og frivilligheit, gode naboar og lokalsamfunn, fantastisk natur og friluftsliv og eit næringsliv med gode arbeidsplassar. Samtidig treng kommunen endå fleire til å busette seg her og fleire arbeidsplassar for å trygge framtida. Sjølv om kommunen ikkje er så stor, kan likevel avstanden mellom lokalsamfunna følast store nok til tider. Derfor blir det viktig å ha fokus på å bygge ei endå sterkare positiv kulturbygging som er prega av å heie kvarandre og ulike idear fram og å skape gode møteplassar der ulike menneske og næringar møtast. 

Ha med i minnet at ein kan umogleg vite om eit prosjekt er umogleg, før det er prøvd (til og med sjølv om det kanskje er prøvd før) ..Så la oss jobbe saman for at  Bygland kommune blir Moglegheitas sentrum i denne flotte Setesdalen vår.  
 

Til slutt vil eg seie at eg håpar flest mogleg grip sjansen til å bidra til å bygge Bygland kommune gjennom omstillingsprosjektet (derav navnet på prosjektet ByggBygland😊), så skal eg gjer mitt for at me skal lykkast saman.  

Varm helsing frå Moglegheitsutviklar, Gyro Heia