Kven kan søke omstilling?

Både verksemder og enkeltpersonføretak kan søke om økonomisk støtte frå Bygg Bygland, så lenge tiltaket du søker om går inn under innsatsområda. Verksemda må vere registrert med forretnings- eller verksemdadresse i Bygland og ha mål om aktivitetar i Bygland kommune

Kva kan du søke om støtte til?

Omstillingsmidlane skal hovudsakleg støtte forstudie og forprosjekt.

Ein forstudie blir gjennomført relativt tidleg i ein idéfase. målet med forstudiar skal vere å analysere og avklare realistiske moglegheiter for å gjennomføre eit prosjekt. Det er her moglege løysingsmåtar, risiko, økonomi og forventa resultat blir kartlagt.

Eit forprosjekt skjer i forkant av eit eventuelt hovudprosjekt, og har som mål å spesifisere og planlegge korleis hovudprosjektet skal bli realisert. Resultat, økonomi, framdrift og kva kritiske risikofaktorar som er til stades, skal bli vurdert. Eit typisk forprosjekt kan til dømes vere utarbeiding av ein forretningsplan, ei prototype og uttesting av moglegheitene i marknaden.

Det er og mogleg å søke om støtte til kompetansehevingstiltak og nettverksbygging.

Du kan lese meir om kva Bygg Bygland støttar under TENESTER 

I utgangspunktet har ikkje Bygland kommune som mål å støtte gjennomføring av hovedprosjekt. Ein kan likevel gi støtte etter ei vurdering i styret.

I dokumentet Retningsliner for bruk av omstillingsmidlar, (PDF, 515 kB) får du fleire detaljar. 

 

 

Passer ikkje Bygg Bygland heilt til dine planar?

Då har vi eit tips om at du kan gå inn på Altinn som har ei flott oversikt over støtteordningar for ulike formål og fasar i livet til verksemda.