Slik søker du støtte

Både bedrifter og enkeltpersonføretak kan søke om økonomisk støtte frå Bygg Bygland, så lenge tiltaket det blir søkt om, går inn under satsingsområda. Bedriften må bli/vere registrert med forretnings- eller verksemdadresse i Bygland, og ha mål om aktivitet i Bygland kommune.

Bygg Bygland ønskjer kontakt på eit tidlegare tidspunkt i prosessen. På denne måten kan vegen framover bli så effektiv og målretta som mogleg, og du kan få rettleiing til å skrive ein god søknad.

Kva kan du søke om støtte til?

Omstillingsmidlane skal hovudsakeleg støtte forstudie og forprosjekt.

Ein forstudie blir gjennomført relativt tidleg i ein idéfase. Målet med forstudier skal vere å analysere og avklare realistiske mulegheiter for å gjennomføre eit prosjekt. Her blie mulege løysingsmåtar, risiko, økonomi og forventa resultat kartlagt.

Eit forprosjekt skjer i forkant av eit eventuelt hovedprosjekt, og har som mål å spesifisere og planlegge korleis hovedprosjektet skal bli realisert. Resultat, økonomi, framdrift og kva kritiske risikofaktorar som er til stades, vil bli vurdert. Eit typisk forprosjekt kan til dømes vere utarbeiding av ein forretningsplan, ein prototyp og uttesting av mulegheiter i marknaden.

Det er og muleg å søke om støtte til kompetansehevingstiltak og nettverksbygging.

Du kan lese meir om kva Bygg Bygland støttar under Tenester

I utgangspunktet har ikkje Bygg Bygland som mål å støtte gjennomføring av hovedprosjekt. Tilskot til hovedprosjekt kan likevel bli gitt etter ei vurdering i styret.

I dokumentet Retningslinjer for bruk av omstillingsmidlar (PDF, 515 kB) får du fleire detaljar.

Viss Bygg Bygland ikkje passar for deg, er det eit godt tips å gå inn på Altinn, som har ei flott oversikt over støtteordningar for ulike formål og fasar i ei verksemd sitt liv.

Nokre tips om utfylling

Når du har sett på skjemaa og informasjonen, vil vi tilrå at du kontaktar prosjektleiar før du går i gong.

Søknadsskjemaet er utforma for å treffe dei fleste typer prosjekt. Likevel kan det vere behov for å utdjupe og legge til. Det er smart å bruke mulegheita for det, for jo meir du grunngjev søknaden, jo betre grunnlag for ei avgjersle om støtte.

Dokumenter kostnadane! Vis til korleis kostnadane har framkome, til dømes kan det vere aktuelt å legge til eit vedlegg med prisliste for innkjøp av varer og tenester ein vil bruke.

Bygg Bygland sitt hovedformål er å bidra til å skape og sikre arbeidsplassar i Bygland, og det er viktig å få fram på kva måte ditt prosjekt bidreg til dette målet.

Vidare er berekraftmåla viktige. Ved å trykke på lenken til FN sine berekraftmål, får du meir informasjon om kvart av dei. Vi tilrår å ta ein kikk på delmåla for det hovedmålet du tenker at di verksemd bidreg til. I søknadsskjemaa er det både ei avkryssing for kva mål ditt prosjekt bidreg til, og eit skrivefelt  der vi bed deg om å forklare nærare korleis prosjektet ditt ivaretek berekraftmål.

Eit nyttig verktøy for å hjelpe bedrifta med å prioritere og effektivisere berekraftarbeidet, er nettsiden vesentleg.no

Søknadsbehandling

Etter at søknaden er sendt inn, blir denne vurdert fremja for styret i Bygg Bygland, som tar stilling til om søknaden skal bli innvilga - og i såfall med kva sum. Sakene i Bygg Bygland blir offentleggjort på Bygland kommune si heimeside.

Styret i Bygg Bygland har vedtatt retningsliner for bruk av omstillingsmidlane (sjå lenke under), og desse ligg til grunn for vurdering av søknadar. Det er ikkje mogleg å søke om støtte til meir enn 50% av totalkostnadane i eit prosjekt. Merk at støtte blir innvilga etter skjønn, og at styret i Bygg Bygland har mynde til å avslå søknadar sjølv om dei kjem inn under kriteria.

Retningsliner for bruk av omstillingsmidlane (PDF, 515 kB)

Søknadsskjema

Søknad om tilskot til forprosjekt

Søknad om tilskot til kompetanseheving

Søknad om tilskot til forstudie