Tid: Måndag 13. januar kl. 18:00 - 20:00
Stad: Kommunehuset
Om du er handverkar, byggherre, entreprenør, investor eller næringsdrivar i kommunen eller regionen og ønskjer å høyre meir om moglegheitane som ligg i området knytta til Presteneset, er dette eit møte du absolutt bør få med deg!
Vi er så heldige å få besøk av både Husbanken og Høgde AS i møtet. Dei vil dele sin kunnskap med oss denne kvelden. Kunnskap som vil vere svært nyttig å kjenne til når ein skal arbeide med utvikling, både knytta til boligar, næringsbygg og bulyst.
Agenda
- Kl. 18:00: Velkomen v/styreleiar Runar Flåt Granheim.
- Kl. 18:05: Moglegheitsutviklar Gyro Heia informerer om moglegheitane som ligg i omstillingsprogrammet Bygg Bygland.
- Kl. 18:15: Høgde AS fortel om erfaringar knytta til utviklingsprosjekt og stadattraksjon. “Høgdes styrker ligger i deres kreative løsninger og metodikk…… Selskapet har i praksis demonstrert hvordan finne finansieringsløsninger for sine oppdragsgivere og har vist evne til å lede prosesser fra idé til ferdigstillelse” Kilde: Fyresdal Næringshage.
- Kl. 18:50: Pause med litt å spise
- Kl. 19:15: Husbanken orienterer om virkemiddelapparatet sitt
- Kl. 19:45: Ope for spørsmål, dialog og idémyldring
- Kl. 19:55: Avslutning v/styreleiar Runar Flåt Granheim
Vel møtt!
Om du har spørsmål, kan du ta kontakt med Gyro Heia på tlf. 917 17 521.