Styremøte i Vekst i Sør

Fredag 11.10 var mogleheitsutviklaren deltakar på Vekst i Sør sitt styremøte i det nye fylkehuset i Kristiansand. Her blei det drøfta fleire spennande saker

Men fyrst, kva er Vekst i Sør?

Det er eit forprosjekt med mål om å få til eit langsiktig regionalt samarbeidsprosjekt som skal bidra til å styrke Agder sitt omdømme med eit mål om å løfte regionane som bu- og arbeidsmarknadsregionar. Dette er eit samarbeid der næringslivet i heile Agder er involvert saman med fylkeskommunen og fleire andre kommunar.

Det er eit mål om at prosjektet skal bidra til å synleggjere at Agder er ein etableringsvenleg region. Agder har mange positive kvalitetar som bør framsnakkes slik at bedrifter kan tiltrekke seg den nødvendige kompetansen som framtidas stillingar etterspør. 

Kvifor skal Moglegheitsutviklaren i Bygg Bygland delta i styremøtene til Vekst i Sør tenker du kanskje?

Ei tru på at ein står sterkare i lag enn aleine, er eit viktig argument, samt at det er viktig at det er deltakarar representert frå rundt om i heile Agder med på dette viktige arbeidet. Ho har fått plass i styret og vil delta i det viktige arbeidet med å løfte Agderregionen, og med det også Setesdalsregionen og Bygland kommune. Eit slikt arbeid er viktig for næringslivet og viktig for lokalsamfunn når det kjem til arbeidsplassar og tilflytting, noko som fell direkte inn i hovudmålet til omstillingsplanen til Bygg Bygland. 

På spørsmål om kva som var tema under styremøtet svarar ho fylgjande:

« Møtet med Vekst i Sør i dag var eit særdeles interessant og godt møte. I møtet fekk vi orientering om status på prosjektets arbeid og viktige milepælar som er nådd. 
Det blei blant anna trekt fram eit vellykka arrangement under Arendalsveka i regi av Næringsalliansen, der Vekst i Sør promoterte konseptet «Vurder Agder», som er ei satsing på å få endå fleire til å bli betre kjent med alle dei spennende moglegheitane som ligg i Agders næringsliv. Og på sikt bidra til at folk som vurderer å flytte på seg, vil vurdere Agder i større grad enn det som gjeld i dag. 

Vi som bur her frå før tek det kanskje som ei selvfølge at folk kjenner til Agder, men ein kan bli overraska kor lite folk faktisk kjenner til alle dei spennande moglegheitane som ligg i Agders næringsliv.  Vi må bli flinkare til å skryte av -og framsnakke oss sjølve , slik at folk utanfor regionens grensar blir nysgjerrige på oss.»

Ho fortel ivrig vidare
« Det eg tykte var det mest spennande frå dagens møte, var funna frå ein undersøkelse som vart gjort og presentert av Peder Tellefsdal i Innoventi på oppdrag frå Vekst i Sør.

Han hadde gjennomført titalls intervju med næringslivet frå heile Agder. Bakgrunnen for bestillinga for intervjua var at Vekst i Sør ønskte å høyre kvar næringslivet meinte skoen trykka i forhold til det å lukkast med å gjere Agder attraktiv og tiltrekke seg nødvendig kompetanse, samt høyre kva dei trakk fram som næringslivets fordelar og positive sider som ein bør byggje vidare på.»

Kva vil du seie var dei viktigste hovedfunna i det som vart presentert?

«Det var fleire funn, men eg vel å trekke fram spesielt eit funn som var gjennomgåande som ein raud tråd frå intervjua: Det handla om behovet for å bygge ein kultur i Agder der ein heiar på kvarandre, og framsnakkar kvarandre.
Det finnst ikkje ein meir truverdig formidlar enn oss sjølve, og intervjua viste at dette er noko det må arbeidast med, dersom ein skal lukkast med å gjere Agder attraktiv. Dette funnet gjeld også Bygland kommune og Setesdalsregionen, noko eg meiner vi må ta på alvor. Det flotte med dette funnet, er at det er gode moglegheitar for å lukkast med ei slik kulturendring. Vi må bare ville ha fokus på det positive og heie kvarandre fram. Så enkelt, men det skjer ikkje av seg sjølv. Ein må ville det! Så eg spør bare, vil du? For eg vil😊» 

Styremøtet beslutta at ein vel og gå vidare med å få på plass ein finansieringsplan for eit hovedprosjekt som skal arbeide vidare med å bygge Agders næringslivs attraktivitet. Så dette arbeidet blir svært spennande å fylgje, samt å sjå kva ringverknadar det kan bety for Agder, Bygg-Bygland og Setesdalsregionen.