Frå venstre: Per Arne Teslo, Arne Borgersen (Innovasjon Norge), Anne Eikerapen, Torleiv Momrak (Agder fylkeskommune), Beate Simonstad, John Salve Sigridnes, Gyro Heia, Trond K. Haugå og Runar Flåt Granheim
Bygg Bygland skal kort sagt bidra til vekst i kommunen. Her skal næringsliv og gründarar i Bygland kunne komme og få gode råd, treffe andre med same interesser og få støtte når dei vil skape noko. Bygg Bygland skal vere ein god nettverksbyggjar for næringslivet, og også sjå utover kommunegrensene for samarbeid på regionalt nivå.
Med slike ambisjonar er det nok å snakke om på styremøtene i Bygg Bygland. Styreleiar og Bygland-ordførar Runar Flåt Granheim, håpar at arbeidet skal bære frukt.
-Det hårete målet vårt er at at dei store utviklingstala for Bygland er snudd på hovudet. At det er aukande folektal, aukande bornetal, fleire trygge og varierte arbeidsplassar, lønsame verksemder, og mindre utanforskap. Etter prosjektperioden er vi ein meir robust og utviklingsvenleg og attraktiv kommune for både innbyggarar og næringsliv å etablere seg i, sler han fast.
Samarbeid og god kommunikasjon
Foto: Marion SolheimPer Arne Teslo, dagleg leiar i Byglandsfjord Sag og styremedlem i Bygg Bygland, er oppteken av at næringsliv og kommune skal jobbe godt saman.
-Eg representerer jo næringsbiten, og for meg er det viktig å klargjere kommunikasjonen med kommunen og få eit endå betre samarbeid. Dessutan bør vi halde fram å jobbe med kulturen – ikkje berre her i Bygland, men i heile Setesdalen, seier Teslo.
Styreleiaren er heilt einig i at næringslivet i kommunen er eit satsingsområde.
-For kommunen er det viktig å systematisk rigge seg for å bli ein næringsvenleg kommune, som er effektiv og i stand til å legge til rette for eit aktivt næringsliv, seier Flåt Granheim.
-Ein må bygge dette stein for stein, systematisk og konkret. Samstundes må vi fokusere på å kunne levere stabile og gode kommunale tenester som er godt tilpassa innbyggarane og som er berekraftig. Difor er det viktig å jobbe for gode samarbeid og tillit mellom næringslivet, innbyggarar og kommunen, avsluttar han.
Blodig konkret
Det yngste styremedlemet, We Post-grunder Trond Haugå, er ikkje redd for store mål.
-Eg er blodig oppteken av heilt handfaste resultat, seier han med eit smil.
-Til dømes vil eg sjå ti nye bustader i Bygland. Det er mange bra menneske som har lyst å flytte til kommunen, men vi treng husvere til dei. Eg har eit stort nettverk av folk som er klare til å etablere seg, men det er stor mangel på ledige tomtar og hus her. Sjølv er eg jo midt i målgruppa; eg bur i Oslo, men kan fjernjobbe. Men først må det skje noko i heimkommunen.
Haugå vil jobbe for at dei unge som vil skape noko skal sjå på Bygland som ein attraktiv plass å slå seg ned.
-Det må komme ein felles arbeidsplass, eit kontorfelleskap der entrepenørar og dei som fjernjobbar kan samlast, ha møteplassar og ete lunsj i lag. Eg meiner vi bør prioritere å få på plass ordningar som gjer det enklare å etablere seg her. Vi må hjelpe folk som vil starte noko og bistå næringslivet med å få inn dei gode talenta. Eg håpar litt av midlane kan brukast for å gjere dette steget litt enklare, det hadde vore kult. Det handlar om å bygge eit miljø som gjer at folk tør å satse – og å gjennomføre, seier den engasjerte grunderen.
Styremedlem Anne Eikerapen delar Haugå sitt syn, og vil satse på fleire bustader i kommunen.
-Eg håper at når omstillingsprosjektet Bygg Bygland er ferdig er det bygd mange nye hus, seier ho.
-Eg håpar også at kommunen har fått mange nye innbyggjarar og det er skapt mange nye arbeidsplassar.
Utnytte potensialet
Styremedlem Beate Simonstad vil gjerne sjå at dei lokale primærnæringane blomstrar framover.
-Det å skape næringskjeder med lokalmat, til dømes, det er viktig. Vi har mange gode lokale produsentar her allereie og det er vidare å gje dei høve til vidareutvikling. Vi har dyrking, husdyr og fisk. Det ligg mykje potensiale der, og eg trur det blir viktig for Bygland å tenke stort. Vi må sjå langt utover kommunegrensene, seier ho.
-Eg håpar å sjå mange ringar i vatnet på denne måten. Vi kan få inn god kompetanse og unge, nye folk. Det kan bli ei endå meir levande bygd av slikt.
Teslo, som er dagleg leiar i Byglandsfjord Sag, er einig. Han ser fleire måtar å få fram gode synergiar i kommunen.
-Eg håpar vi kan jobbe med å bygge opp ein del kompetanseområde her, seier han.
- Det kan resultere i at vi tiltrekk oss viktig kompetanse, folk som har lyst å bu her og vere med på å utvikle kommunen. Eg skulle gjerne sett meir av vidareforedling av lokale råvarer – som tre. Vi har til dømes den vidaregåande skulen KVS Bygland (link: KVS-Bygland – Natur- og friluftsskolen (kvsbygland.no)) her, med mykje bra å bygge på.
KVS Bygland har mellom anna Byggfag, med moglegheit til å gå vidare som tømrar, samt eit unikt tilbod som tek for seg tradisjonsbygg og lafting. Teslo tenker at her kan det ligge moglegheiter om ein tenker saman og ser framover.
«Bygg Bygland» er slagordet som er som skapt for gode synergiar i så måte. Og Runar Flåt Granheim ser lyst på arbeidet vidare.
-Eg legg merke til at det eit stadig veksande engasjement og tru på vekst i kommunen vår, det er mykje positivt som skjer i kommunen og i regionen. Å vere med rundt å besøke verksemder med framtidstru og planar for framtida i Bygland er nok det aller kjekkaste, avsluttar styreleiaren.