Kva er ein omstillingskommune?

Ein omstillingskommune er ein kommune som over tid har mista ein stor del arbeidsplassar. Dette er alvorleg for ein kommune som mister skatteinntekter, og for den enkelte og familiane som blir ramma. Kommunar eller regionar som opplever særleg stor nedgong i sysselsettinga, kan få bistand til omstilling frå staten og fylkeskommunen.

Fylkeskommunen kan bistå kommunane gjennom fleire ordningar:

  • Bistand og rettleiing til distriktskommunar. Mål for ordninga er auka utviklingskapasitet og strategisk arbeid i distriktskommunar, gjennom blant anna nye måtar å løyse oppgåver, og styrka strategisk samfunnsplanlegging.
  • Tilskot til kommunar med langvarig nedgong i folketalet og sysselsetting av særleg omfattande grad. mål for ordninga er auka attraktivitet for busetnad og næringsliv og å styrke kommunane sin kapasitet til å handtere situasjonen.
  • Tilskot til omstilling i kommunar eller regionar med vesentleg fall i sysselsetting over relativt kort tid. Mål for ordninga er å styrke næringsgrunnlaget og bidra til etablering av nye arbeidsplassar.


Tilskot til regional omstilling er ein særleg innsats for kommunar eller regionar der mange arbeidsplassar går tapt. Det er fylkeskommunane som har ansvar for omstillingsarbeidet i eige fylke. Fylkeskommunane prioriterer kva område som skal få midlar, og avgjer kor mykje midlar desse eventuelt skal få. Kommunar med omstillingsstatus får midlar over ein periode på inntil seks år. Det er kommunen som har ansvar for gjennomføring av det konkrete omstillingsarbeidet.

Omstillingsordninga skal kome i tillegg til andre verkemidlar. Fylkeskommunane skal vurdere omstillingsprogrammet i samanheng med andre verkemidlar, og i ein større geografisk samanheng.

Innovasjon Norge er nasjonalt kompetanseorgan for arbeidet. Det inneber at dei på oppdrag frå fylkeskommunane kan hjelpe omstillingskommunar med råd, verktøy, rettleiing og kvalitetssikring.

Les meir om omstillingsarbeid på Innovasjon Norge sine nettsider.

Kriterie for statleg ekstrainnsats

Frå tid til annan oppstår det situasjonar med svært store endringar, der fylkeskommunen, Innovasjon Norge og kommunane ikkje har ressursar til å bidra i tilstrekkeleg grad. I slike situasjonar kan det vere naudsynt med ein ekstraordinær innsats frå staten.

Kriteria for at staten kan vurdere å bidra med ekstraordinære tilskot direkte til ein omstillingskommune (sjå §5 i forskrift om omstillingsordningane):

  • Reduksjonen i den direkte sysselsettinga i kommunen bør vere betydeleg over ein treårsperiode
  • Reduksjonen bør som hovudregel utgjere minst 15% av den totale sysselsettinga.
  • I absolutte tall bør nedlegginga som eit minimum ligge på 150 personar. I heilt særskilte tilfelle, kan ein vurdere å gå noko lågare på små og isolerte stader.


I ei totalvurdering skal det også bli lagt vekt på reduksjonen i den indirekte sysselsettinga, den generelle arbeidsløysa og moglegheitene for pendling. I tillegg kan det vere aktuelt å sjå på trygdebudsjettet sin størrelse, del av yrkesaktive i kommunen og kommuneøkonomi, for å få eit mest mogleg komplett bilde av tilstanden i lokalsamfunnet.

Avklare situasjonen først

Dersom ein kommune kjem i ein situasjon med raskt tap av betyeleg arbeidsplassar, må den ta det opp med fylkeskommunen. I avklaringsfasen blir det utarbeidd ei konsekvensanalyse for området som vurderer å søke om midlar til ekstraordinær næringsutvikling. Denne analysen skal dokumentere situasjonen for næringslivet og sysselsettinga i det aktuelle området. Det er resultata frå konsekvensanalysen som dannar grunnlag for søknaden om omstillingsmidlar for kommunen eller regionen. 

Avklaringsfasen er fylkeskommunen sitt ansvar, men kommunen skal bidra med lokalkunnskap og dokumentasjon for å sikre ei realistisk forståing av situasjonen i næringslivet. Innovasjon Norge bistår både fylkeskommunen og kommunen.

Tekst henta frå www.regjeringen.no

Omstillingskommunen Bygland

Kommunal-og distriktsdepartementet (KDD) innvilga gjennom ei pressemelding sumaren 2023 omstillingsstatus for Bygland kommune.

KDD sine målsettingar knytt til programmet "Regional omstilling" er: 
• Skape nye og sikre eksisterande arbeidsplassar 
• Auka konkurransekraft og utviklingsevne i eksisterande bedrifter og kommunen 
Auka utviklingsevna i næringslivet og kommunen

I Bygland er utgangspunktet for å bli omstillingskommune satt saman av økonomiske, sosiale og strukturelle utfordringar som samla krev ein ekstraordinær innsats for å sikre lokal verdiskaping og utvikling. 

Bygland kommune er i ei særskild negativ stilling måla opp mot sammenliknbare kommunar i landet, og i regionen, både når det gjelder verdiskaping, sysselsetting og befolkningsutvikling. Kommunen har vore prega av befolkningsnedgang, aldring og negativ utvikling i arbeidsplassar og verdiskaping i både privat og offentlig sektor. Samtidig er uføreandelen høg. For å motverke sårbarhet i næringslivet og styrkje moglegheitar for arbeidsplassar lokalt, er det behov for å gjennomføre ein ekstraordinær innsats i Bygland.


Basert på eit datagrunnlag for Bygland kommune har det kome fram fylgjande områder det er behov for å arbeide med: 

  • Det er behov for å bedre utviklingskulturen gjennom å jobbe systematisk med tillit, vilje og holdningar. 
  • Det er behov for å auke utviklingskapasiteten- og -kompetansen i eksisterande næringsliv. 
  • Det er behov for å skape gode utviklingsressursar med vekt på dialog, kommunikasjon, samarbeid og samhandling. 
  • Det er behov for ein målretta innsats for stad- og bustadsutvikling.
  • Det er behov for å sjå mot framtidas Bygland: Framtidas næringsliv, framtidas innbyggjere, samt å synleggjere moglegheitane.
  • Det er behov for en mer næringsaktiv og kompetent kommune som sikrer rammebetingelser for vekst.

 

I kommunaldepartementet sitt tilsagnsbrev skreiv dei fylgjande 

- Visjon for Bygg Bygland (– utdrag frå Omstillingsplan 2024-2030)
«Bygg Bygland er et sterkt og positivt budskap som skal bidra til å inspirere og skape en felles retning. Bygg Bygland formidler en sterk tilknytning til Bygland, og reflektere engasjementet for lokalsamfunnet. Uttrykket inneholder en positiv mening ved å sette søkelys på "bygging". 

Dette skal inspirere næringsliv, innbyggere og kommunen til å se på prosjektet som en konstruktiv reise med vekst, utvikling og suksess. "Bygg Bygland" er også en oppfordring til å bygge sammen som et team i Bygland. Dette understreker viktigheten av samarbeid og felles innsats for å oppnå prosjektmålene. 

Det gir en følelse av tilhørighet og en forpliktelse til å bygge noe meningsfullt og varig. I sum symboliserer "Bygg Bygland" ikke bare en fysisk bygging, men også en ånd av samarbeid, vekst og positiv utvikling.» 


Hovudmål

  • Eit attraktivt Bygland med evne til utvikling
  • Eit robust næringsliv som skapar nye arbeidsplassar.
  • Eter gjennomført omstillingsprogram på 6 år skal fylgjande resultatmål vere innfridde:
    • Utviklingskulturen vere bedra gjennom auka tillit, bedre holdningar til nye ideer og initiativ, meir åpenhet og auka vilje til utvikling.
    • Systemer og arenaer for målretta kommunikasjon og samarbeid som bygger opp under den gode utviklingskulturen som er på plass. 
    • I løpet av omstillingsperioden skal det vere gjennomført målretta program for utvikling av dei to tettstadene. 
    • Det er bygga minimum 10 nye bueiningar i Bygland. 
    • Det er skapt eller sikra minimum 60 arbeidsplasser, med mål om 10 arbeidsplassar årleg. 
    • Det er eit meir robust lokalt næringsliv.
    • Det er stabile og langsiktige rammebetingelsar for næringslivet i Bygland. Dette inneber at behandlingstid for plan- og byggesakar blir reduserte, samt at arealplanar haldast løpende oppdaterte. 
    • Kommunen har tilstrekkelig kompetanse og kapasitet til å på ein god måte leggje til rette for utvikling av Bygland.
    • Det er etablert ein kultur og arbeidsform som sikrar at evnen til utvikling er varig endra og fortsetter etter programperioden