Hovudmål

Hovudmålet for omstillingsarbeidet er å bidra til:

  • Eit attraktivt Bygland med evne til utvikling.
  • Eit robust næringsliv som skapar nye arbeidsplassar.

Prioriterte innsatsområde er:

  1. Utviklingsevne.
  2. Stad- og bustadutvikling.
  3. Framtida sitt næringsliv.
  4. Ein næringsaktiv kommune.

Prioriterte berekraftsmål er:

  1.  Miljø: må 15 liv på land.
  2. Samfunn: Mål 11 Berekraftige byar og samfunn.
  3. Økonomi: Mål 8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst.


Desse skal vere styrande for val av prosjekt og tiltak innanfor innsatsområda i årleg handlingsplan, samt for tildeling av tilskot.

Effektmål

Det er sett fire konkrete resultatmål som er knytta til dei to hovudmåla:

  • Eit attraktivt Bygland med evnt til utvikling:
    • Evnen til utvikling er styrka gjennom samarbeidsprosjekt, nyskaping og meir kompetanse og kapasitet til utvikling.
    • Attraktive og levande tettstader med ein fungerande bustadmarknad.
  • Eit robust næringsliv som skapar nye arbeidsplassar:
    • Eit robust lokalt næringsliv med satsingar innanfor vekstnæringar.
    • Ein næringsaktiv kommune som sikrar gode rammebetingelsar for utvikling i eksisterande og framtidig næringsliv.