Kompetanseutvikling

Auka kompetanse kan vere ein muleg veg til vekst i ei bedrift, eller til å utvikle noko nytt

Bygg Bygland kan bistå både med økonomisk støtte til kompetanseutvikling, og gjennom å sette bedriften i kontakt med ulike kompetansemiljø som kan gi råd og veiledning på det aktuelle området.

Ta gjerne kontakt med Bygg Bygland tidleg for å diskutere mulegheiter for kompetanseutvikling. Gjennom ulike nettverk kan Bygg Bygland skape kontakt med andre bedrifter og kompetansemiljø, eller gi veiledning med tankt på eventuell økonomisk støtte til tiltak. Bygg Bygland kan vise til aktuelle eksterne støtteordningar, og har også mulegheit til sjølv å støtte kompetansetiltak.

Det er muleg å søke om støtte til kompetansekartlegging og kompetansehevingstiltak, og til samarbeidsprosjekt som har mål om å gi auka kunnskap og vekst.

Ordinær utdanning eller omskolering inngår ikkje i tilskotsmidlane frå Bygg Bygland.